Minicart 0

Du har ingen produkter i handlekurven.

Tannlege Kongsnes 2011

Gunnar Kongsnes resebrev fra Haydom 2011

Habari Kwa heri

Zwahili er eit vanskeleg språk særleg når ein ikkje kan det!

 

Elles er Tanzania eit greitt land å vere i og Haydom er ein bra arbeidsplass for tannlegar som vil oppleve noko anna enn gjennombehandla norske pasientar.

Det passa slik at eg kunne reise til Haydom i slutten av januar i år. Som pensjonist styrer eg tida sjølv Opphaldet varte i ca. 2 mnd.

Haydom er ein ”by” som i løpet av 60 år, har vakse opp rundt eit norsk sjukehus eit stykke sør for Mt. Kilimanjaro, og ganske nær safarimåla Ngorongoro og Serengeti.
Det er greitt å kome seg til Kilimanjaro Airport og Arusha, men litt meir ugreitt å ta seg vidare til Haydom.

 

Fakta om sjukehuset kan den som vil google eller lese på heimesida til Dental Sør som har tatt ansvaret for å drifte tannklinikken på Haydom.

 

Kva er det så som møter ein tannlege som drar ut til ”the middle of nowhere”? Det er litt av kvart og det er svært sannsynleg at det vil dukke opp kasus som vi elles ser berre i lærebøker og patologiatlas.
Det inneber ikkje at det blir venta av oss at vi skal behandle alt vi ser eller diagnostiserer. Det vi ikkje føler oss kompetente til å ta hand om, blir å henvise til sjukehuset.
Ytterpunkta av utfordringar var å fjerne tungebandet på eit barn som var fødd 3. januar 2011 (blei ikkje gjort) og å trekke ei visdomstann på ei dame på 93(?) år. Då det var gjort hadde ho berre 31 feilfrie tenner att!
Elles: To mandibelfrakturar, ein tumor som omfatta heile mellomansiktet på ei side og ei plommestor cyste i ganen.

Men dei store utfordringane er ikkje det vanlege.
Dei som kjem og søkjer hjelp har akutte problem. Det er smerter frå tenner med for store kariesangrep og det er små og store abscessar. Derfor er det ekstraksjon av molarar det dreier seg om! Retinerte visdomstenner er uvanleg.
Det kostar 3500 Tz. Sh. (14 kroner) å få ut ei tann!

 

Ei stor oppleving som alle Haydom-tannlegar MÅ ha med seg er ”outreach”. Då blir vi med sjukehuset si helsestasjonsteneste ut til ein landsby i området rundt Haydom, enten med landcruser eller når bil tar for lang tid, med fly.

 

Vel framme plasserer vi oss i eit skuggefullt område under ein akasie og organiserer sprit, hanskar, ekstraksjonsutstyr og lokalanestesi rundt ein medbrakt stol (sjå foto), og så er vi i gang.
Under mitt opphald var eg ute 2 gongar. 16 pasientar første tur og 21 den andre. 35 molarar blei ekstrahert på ca. 2,5 timar den andre dagen. Behandlinga på outreach er gratis.

 

Medan eg var på Haydom, kom Jan Thomassen (Dental Sør) med digitalt rtg.system og journalsystem. Begge deler fungerer godt og særleg digitalt rtg. var flott å få.
I tillegg blir det i desse dagar sett i drift ein OPG, også digital. Denne er rett nok plassert på sjukehuset si rtg.avdeling. Tannlegekontoret er plassert i eit eige lite hus inne på sjukehusområdet.
To lokale damer assisterer og fungerer som tolkar. Dei har også ansvar for bl.a. betaling og pasientarkiv.

 

Sluttord: Det er litt synd at eg no er ute av aktiv teneste for det er ingen tvil om at det er ein dyktigare tannlege som kom heim enn som reiste ut!

 

 

Gunnar Kongsnes