Meny Lukk
  • Du har ingen produkter i handlekurven.

Kjetil Reisegg – Første UnicLine S i Norge

Heka og meg!

Et blogginnlegg av Kjetil Reisegg vi har fått lov å dele.
Foto Freddy Bukkøy.

Som nyutdanna tannlege flytta eg til Tromsø og fekk jobb på Grønnegata tannlegesenter. På behandlingsrommet stod det ein Heka Unic Line. Den vart i si tid marknadsført som «Norgesuniten» og var populær tidleg på totusentalet. Sidan har eg jobba på Flex, KaVo, Planmeca, Finndent og Sirona. Då eg kjøpte praksis i Bergen i 2010 var ringen slutta: På det eine behandlingsrommet stod ein god gamal travar: «Norgesuniten» Heka Unic Line. Den har tjent meg vel dei siste seks åra.

Heka og eg deler den same filosofien: Det skal vera enkelt og funksjonelt, utan for mykje fiksfakseri. I ein alder av 14 år var min Unic Line moden for utskifting.  Eg fekk nyss om at Heka skulle lansera ein vidareutvikling av Unic Line, og tok sjansen. Uprøvd og usett bestilte eg meg ein Heka Unic Line S, den første i sitt slag i Noreg. Etter ein månads bruk er eg strålande nøgd. Dette er noko av grunnen til kvifor:

  • Pasientkomfort: Pasientstolen har såkalla supersoft trekk, noko som gjer at pasienten ligg komfortabelt. Stolen har armlener, det set pasientane pris på. Armlena kan roterast ut, slik at dei ikkje står i vegen når pasienten skal setja seg. På lampa er det ein spegel. Denne kan vendast dersom pasientane ikkje vil følgja med på det som skjer.
  • Instrumentpiskar. Hekaen har piskar, den andre uniten har hengande slangar. Piskar er absolutt å føretrekka. Instrumenta ligg lett og fint, utan at slangen truar med å vippa dei ut av handa mi. Slangen jobbar heller på lag, og avlastar instrumenta.
  • Utsjånad: Uniten har ein solid og moderne utsjåad, der dei viktigaste overflatene er i glass. Enkelte funksjonar styrast ved eit lett trykk på glassplata. Dette touchpanelet kan deaktivierast ved avspriting.
  • Fleksibilitet: Medan min andre unit krev scalerspissar i same fabrikat som uniten, nyttar Heka ein standard scaler frå EMS. Ein kan stort sett montera på det ein måtte ønska av ekstrautstyr, utan å vera avhengig av eit bestemt fabrikat.
  • Fotkontroll: Ein kan velga mellom tre ulike fotkontrollar: Rund utan hendel, rund med hendel eller ein flat multikontroll. Tidlegare har eg nytta rund fotkontroll med hendel, men denne gongen gjekk eg for den flate multikontrollen. Det har vore eit lukkeleg val. Det meste av funksjonar kan styrast med fotkontrollen, inkludert pasientstolen. Akkurat pasientstolfunksjonen har eg tenkt å deaktivera. Det er litt for lett å koma borti denne ved eit uhell.

Finst det forbetringspotesiale? Ja, det gjer det. Her er mine forslag til forbetringar:

  • Dimming av operasjonslampa når ein jobbar med kompositt. Denne funksjonen kjenner eg frå andre unitar, og eg skulle gjerne hatt det på Hekaen.
  • Avrunding av haldar for suget. Sugeslangane har riller, og desse heng seg lett opp i kanten på haldaren når ein set suget ifrå seg. Dette gjer at ein ikkje kan sleppa suget rett ned i haldaren, men aktivt må setja det på plass. Ein liten modifisering for mindre friksjon ville ha løyst dette.
  • Betre drenering rundt pasientkopp. Om ikkje koppen står på plass, vil vatnet treffa ei hard, flat metallflate. Det sprutar ein del og det vert liggande igjen ein dam med vatn der koppen skulle ha stått. Dette kunne vore løyst ved å laga eit dreneringshol midt i metallflata.

Her er bloggen til Kjetil 

Ideer vi har delt med Heka fabrikken, red anm.